Her kjem nyhende i laget og havn/sjøbuda:
Siste innspurt før treffet 2008.


Passer denne ska tru?

Alt skrot reiser!

Stemming pågår!
Elever frå Haramsøy Skule hadde i dag 05.06.2008 grillfest ved Sjøbuda med sjølvfiska
fish&chips som ein del av menyen, ........såg godt ut!


Den "nye" stimoppvaskemaskina er testa, montert og tatt i bruk!
Den er ei gåve frå Guttorm Flem! Tusen takk Guttorm!
Her et bilde fra oppstartingsfasen av maskina og dei to montørane i åndeløs spenning.

Det er blitt gjordt avtale om opparbeiding av stor parkeringsplass
for bobiler og campingvogner mellom sjøbudene!

Nye stoler til salen nede!
90 er no monterte og sett på plass, utført av Terje Austnes og undertegna. Vi løyvde to skiver og mangla ein skrue!!!
Slik ser dei ut og dei er utruleg gode å sitte på!

Elles blei det endeleg "vindu" i styrhusbaren


Nyheiter frå styremøte 11.09.2007
Referat frå styremøte 11.09. 2007 i Haramsøy småbåtlag
Desse møtte: Bjørg Haram, Terje Austnes, Per Moe, Terje Haram, Rolv Arne Larsen, Inger Anne Pareliussen.
Referat frå tidlegare møte vart framlagt og godkjent.
Sak 1: Framlegging av rekneskap for båttreffet 2007 – evaluering - kva kan gjerast betre neste båttreff?
Bjørg gjekk gjennom rekneskapen. Vi er godt fornøgde med inntekta på småbåttreffet i år. Det vart eit netto overskot på 84073 kr. Beste resultat nokon gong!
Bjørg takka styret for innsatsen.
Forslag til forbetringar:
- Vi kan gå opp frå 70 til 80 kr for krabbetallerken neste år.
- Det bør organiserast betre at gjestane kan få tilgang til syklar. Vi vurderte om ein skulle kjøpe inn syklar, men er redd dei vil ruste.
- Det bør ordnast med meir aktivitet for ungane.
- Ein bør få bort skiltet med 1,6 m djupne, det er feil og skremer bort seglbåtar.
Sak 2: Sal av nye båtplassar.
Det vart gått gjennom søknadane om båtplass. Det blir selt båtplassar til dei som står på lista etter ansiennitet. Bjørg sender ut brev og fakturerer innskotet til dei tre som har lengst ansiennitet. Det er Karsten Haram, Øystein Fossøy og Rune Bergsnes.
Sak 3: Skifte av forsikringsselskap – innhenta tilbod.
Viser til vedtak på tidlegare styremøte om å undersøkje om det var mogleg å få rimelegare forsikring på Sjøbuda. Bjørg har undersøkt og funne ou at det er 1700 kr i året å spare på å skifte frå Gjensidige til Terra. Styret gjekk inn for å skifte.
Sak 4: Val av ansvarleg nemnd for utbygging av hamna.
Desse vart valde:
Terje Haram, Einar Austnes, Terje Austnes.
Haramsøy 20.09.07
Inger Anne Pareliussen
Nyheiter frå styremøter: ( Viktige utklipp )
28.06.2007
Styret drøfta også eit problem som har oppstått når eit medlem ikkje har båt, men betalar fullt ut for båtplass. Styret bestemte at ein forheld seg slik til dette:
Hamnestyret disponerer alle båtplassar. Den som betalar for båtplass kan likevel ha liggande leigd eller lånt båt på ein båtplass tilvist av hamnestyret. Det må vere slik at all endring av bruk av båtplass må gå gjennom hamnestyret, med skriftleg søknad og skriftleg svar.
Dette bør takast opp som sak på neste årsmøte.
Betalingsprinsipp ved oppseing av båtplassar:
Det vert berekna båtavgift for kvar kalendermånad som har gått av året inkl. oppseiingsmånaden.