Velkommen
HER ER VI! Here you`ll find us.
LEIAREN`S SIDE
SAMANKOMSTER/MØTER
KUNGJERINGER
HAVNA
BUNKRING DIESEL
GJESTEBRYGGA
SJØBUDA
BÅTTREFFET
IDEBANKEN
BILDER / HISTORIKK
NYHENDE
STYRET
VEDTEKTER
SJØBUDA LEDIG?
SJØBUDBRYLLUP
VEDTEKTER

Vedtekter 02.05.2007

§ 1     Laget sitt namn er Haramsøy Småbåtlag. Laget har til formål å skaffe medlemmane permanente småbåtplassar,  arbeide for ei god hamn og halda sjøbuda i god stand, samt skipe til samkomer med foredrag, diskusjon etc. for laget sine medlemmer.

§  2    Laget vert leia av eit styre som er samanestt av 11 personer. To av medlemmane bør vere kvinner.
          Av desse skal det veljast følgande funksjoner:
          1.  Leiar
          2.  Nestleiar
          3.  Kasserar
          4.  Skrivar
          5.  Leiar for hamna
          6.  Leiar for sjøbuda
          7.  Sjøbudnemd  ( 5 personer )
          8.  Hamnenemd  ( 5 personer )

          Leiaren og styremedlemmane skal velgast av årsmøte. Dei som vert valde må vere medlemmar i laget. Styret konstituerer seg og vel kven av styremedlemmane som skal ha dei andre fungsjonane.

          I tillegg til desse nemdene kan dei kvinnelege medlemmane i laget danne si eiga kvinnegruppe. Ved etablering av kvinnegruppe skal ein av medlemmane i gruppa vere medlem i styret. ( Ein av to kvinnelege styremedlemmar )

§  3     Styret syt for alle forretningar, ivaretek laget sin økonomi, kallar saman til møter og legg fram for årsmøte utgreiing om laget si drift, samt rekneskap og årsmelding for det år som har gått. Styret hansamar saker som vert framlagde av medlemmar for vidare handsaming av årsmøte. Slike saker må vere styret i hende seinast 7 dagar før årsmøte vert halde. Styremøter vert halde så ofte som formann (leiar) finn det turvande. Valde komite`ar ( til dømes arrangementskomite ) kan innkallast til styremøta ved behov, men har ikkje røysterett. For at styre kan taka avgjerder må minst 6 personer frå styre vere tilstades. Ved stemmelikheit avgjer leiaren si stemme utfallet.

§  4     Det vert halde ordinært årsmøte kvart år innan utgangen av februar. Årsmøte skal samankallast med 14 dagars varsel. Årsmøte sine avgjerd vert vedteke med simpelt stemmefleirtal. Forslag om lovendring må ha 2/3 fleital av dei frammøtte.
           Årsmøte handsamar:
           1.  Årsmelding.
           2.  Rekneskap.
           3.  Fastset storleik på avgifter og lån/innskot frå medlemane.
           4.  Val på: Styre og Styreleiar. Styret konstituerer seg sjølv.
           5.  Val på valnemd på 3 personar.
           6.  Forslag innlevert og handsama av styret på rettvis måte.

           Styremedlemmane vert valde for 2 år, leiar for eit år om gongen. Alle kan ta imot attval, men har rett til å nekte attval for like lang tid som dei har vore i styret.

§  5     Årsavgifter vert betalt pr. kalenderår og innan forfallsfristen. Medlem som mislegheld sine økonomiske pliktar overfor laget, og ikkje gjer opp skuld til laget utover ein periode på 1 kalenderår, kan av styret ekskluderast som medlem utan nærare varsel.

§  6     Alle medlemmane i laget skal betale ei fast årleg medlemsavgift. Medlemsskapet gjeld både enkeltmedlem og familiemedlemmer. (ektefelle/samboer). Beløpet er likt. Eit familiemedlemsskap gir rett til ei stemme. Eit familiemedlemsskap gir lik rett til båtplass. Medlemmer som har båtplass skal i tillegg betale plassavgifter. For å få tildelt fast båtplass, må medlemmane yte eit rentefritt lån/innskot til laget. Laget disponerer desse midlane fritt inntil 3 månader etter at skriftleg oppseiing ligg føre. Når alle mellomverande mellom partane er oppgjorde, skal tilgodehavande seinast innan 3 månader betalast attende til medlem/medlemmens familie.

§  7     Ved dødsfall kan medlemsskapet for ei periode overførast til son/dotter. Styret kan godkjenne ein søknad om slik overføring under føresetnad av at; medlemsskap og havneavgift vert innbetalt i samsvar med gjeldande takstar for det aktuelle tidspunkt. Etter 2 år skal innskot/medlemslån justerast til gjeldande satser. Ansinitet vert rekna frå dato for innbetalt medlemsskap.

§  8     Styret kan, om dei finn det nødvendig, eller når minst 50% av medlemmane ynskjer det, kalla saman til årsmøte. Ei slik innkalling skal utlysast med 8 dagars varsel.

§  9     Inn- og utmelding til/frå laget skal vere skriftleg og sendast til styret.Styret avgjer om medlemsskap kan godkjennast, ved avslag kan søknad påklagast til årsmøte.

§ 10     Medlemmer som er til forarging, som oppfattast å vere til skade for laget eller ikkje rettar seg etter laget sine lover og reglement, kan av styret suspenderast og i grovare tilfelle ekskluderast. Denne avgjerda kan av vedkomande ankast inn for fyrste årsmøte. Eit medlem som vert ekskludert misser samstundes retten til eventuell båtplass som laget rår over.

§ 11     Laget kan verta oppløyst berre når det vert vedteke på ordinært årsmøte med minst 3/4 fleirtal når minst 25% av medlemmane er tilstades. Når ei slik sak vert handsama i styret, kan medlemmar som er lovleg hindra frå å møte, gi skriftleg votum til styret. Etter at det er teke avgjerd om oppløysing av laget, vert styret sitt forslag om likvidasjon handsama, og forslaget vert avgjort med alminnelig stemmefleirtal.


         

         


Webhotell og domene

|Velkommen| |HER ER VI! Here you`ll find us.| |LEIAREN`S SIDE| |SAMANKOMSTER/MØTER| |KUNGJERINGER| |HAVNA| |BUNKRING DIESEL| |GJESTEBRYGGA| |SJØBUDA| |BÅTTREFFET| |IDEBANKEN| |BILDER / HISTORIKK| |NYHENDE| |STYRET | |VEDTEKTER| |SJØBUDA LEDIG?| |SJØBUDBRYLLUP|