" Årets småbåtlag 2007"
SMÅBÅTTREFFET 2007 ER OVER
OPPSUMMERING:
Første båten kom onsdag, og torsdag kom det fleire. Fredag hadde vi arbeid med å ta imot båtar allereie før kl. 10.00 på morgonen. Når kl. var 24.00 fredagskvelden var 48 båtar godt fortøydd i hamna. Fleire ”faste gjester”, og fleire nye.
”Ullaholm” tok turen frå Ulsteinvik og kom til kai ca. kl. 19.45. Mange frå øya tok turen om bord for å sjå ”kviteskuta” som båten vart kalla den tida den høyrde heime her. ”Gamleskipperen”, Magnus, var sjølvsagt med i mottakingskomiteen. Reiarane og mannskapet ”storkosa” seg . Dei følte seg som heime her, sa dei. Berre synd dei måtte reise alt på laurdag føremiddag.
Eit ektepar som tidligare har hatt båt, og vore på Haramsøya på båttreff før, kom på bobil Dei hadde lyst ut att, og det talar for seg.
Veret var strålande på fredag. Folk kosa seg i solskinet på bryggja, på flybridgen og om bord i båtane ellers. Alle var blide og hummøret var på topp.
Frå kiosken lukta det av nysteikte vaffler, og dei som let seg freiste kjøpte seg kaffe og vaffler.
SJØBUDKVELD – FREDAG:
Kl. 20.00 vart det salg av krabbtallerkener. Seinare vart det open dans, med entertainer Lill-Anita Synnes.
Total 90 personer kjøpte kombinert billett – krabbe/dans og 100 personer kjøpte krabbetallerken. I tillegg var det 38 personer som kjøpte dansebilett. Det var ein fin kveld. Mange sat ute og kosa seg og hadde sosialt samvær med kvarandre.
”Pubben – nybaren” med salg av forfriskninger frå Oddlins vart også besøkt.
Stemninga var fin, og alt gjekk ”pent og pynteleg” for seg.
Alle skrytte av kor flott salen i første etasje på buda har blitt. Ikkje minst takka vere stor dugnadsinnsats med bygging av bord og ikkje minst ”Borgøy bar”. ”Gutane våre ” er berre heilt unike. Vi hadde ikkje villa bytta dei for ”ein million” Tusen takk!!!!!!
LAURDAG:
Laurdag hadde vi ikkje heilt ”vergudane” med oss av ein eller anna grunn. Men det var ikkje regn, ikkje vind og temperaturen var det ikkje noko å sei på. Så stort sett grett nok.
Vi starta dagen med bedriftsbesøk hos Rolls Royce Marine AS på Longva. Olav Austnes, kasseraren vår som er tilsett i selskapet var guide. Mellom 15 og 20 personar var med på turen. Dei som var med meinte det var eit flott besøk.
Kl. 13.00 var det start for rebusløp til Røhammaren. Jørn Inge Tomren frå Haramsøy Idrottslag stod for arrangementet. Rebusen innehelt ein del spørsmål om gamle fiskereiskap, så det vart nok ei utfordring for nokon. Ca. 15 deltok. 2 vinnarar vart kåra og premiert. Takk til Jørn Inge for arbeidet han la ned i dette.
MATSALG OG UNDERHALDNING
Kl. 14.00 starta salg av rømmegraut og grillmat. 94 tallerkenar med graut vart seldt og 110 tallerkener med grilla kvalkjøt. Fleire folk frå øyane våre kom og kjøpte mat, samt at dei også fekk muligheita til å sjå alt arbeidet som er nedlagt på sjøbuda. Alle var imponert, trur eg.
Lill-Anita Synnes og ”Kor for Oss” underheldt med song på ettermiddag. Det var fint å sjå at så mykje folk stilt opp på uteområdet rundt sjøbuda for å høyre på dei. Det trur eg inspirerte koret også. Takk til Lill-Anita og ”Kor for Oss”.
6 båtar forlet oss på laurdag, men 6 nye kom att, samt ein bobil. Det vil i utgangspunktet sei at 54 båtar og 2 bobilar har besøkt oss under båttreffet. Det er vi fornøygd med når vi veit at det foregår både båttreff og fleire andre arrangement same helga.
REKEFEST M/DANS
Laurdagskvelden kl. 20.00 var det rekefest og dans på sjøbuda. 107 personar deltok på rekefesten inkl. dans, og 106 personar var berre med på dansen. Totalt 211 personar var inne på arrangementet. Det er bra.
Musikken stor Torgeir Lødemel for. Kanskje ikkje heilt den dansemusikken vi hadde håpa, men det får vi gjere betre neste år. Stemninga var likevel god, og vi følte at ”trykket” vart bra likevel.
SØNDAG - AVREISE
Gjestane tok det med ro om morgonen og ca. i 12 tida tok dei første båtane til på heimturen.
Nokon kjøpte vaffler og reker med seg for å ha på heimturen.
Dei fleste båtane leverte evalueringsskjema som var utdelt, og det var mykje lovord å lese.
Det er bra, men vi kan sikkert gjere ting betre. Det får styret bruke tida fra til neste vår på å
finne ut. Kanskje noko for born? Kom gjerne med ideer.
Då var det ryddinga som stod att for arrangøren. Men til tross for stor dugnadsinnsats både før og under båttreffet, og truleg også lite søvn, møtte mange opp og tok eit tak. Dugnadsånda lever fortsatt. Hurra!!!
TAKK TIL ALLE!
Leiaren vil rette ei stor takk til alle som har delteke både før og under treffet. Det gjeld både kvinner og menn. Utan alle frivillige hadde det ikke vore mogleg å gjennomføre eit så stor arrangement. Det er også kjekt å høyre at medlemmane er interresert i det økonomiske resultatet som treffet gir. Det handla om engasjement. Det økonomsike resultatet er det for tidlig å sei noko om, men at det gir et brukbart overskot til Haramsøy Småbåtlag veit vi.
HJARTLEG TAKK!
Bjørg
Resultat: "Årets Småbåtlag 2007"
LEIAREN HAR ORDET:
Etter fleire veker med hard jobbing på sjøbuda med snekkering av bord, bar , rømingsvei etc. føler eg at det er på sin plass å kome med nokre rosende ord.
Det er noko som heiter; ”æres den som æres bør” og det har eg lyst til å gjer no, sjølv om det kan vere farleg å framheve enkeltpersoner i ei gruppe der fleire er med å tekt eit tak.
Håper likevel at eg har medlemmane med meg når eg framhever spesielt to personer som har vore leiande i dugnadsarbeidet både på planlegging og utførelse.
Steinar har vel benytta tre veker av ferien sin stort sett på sjøbuda. Han har vor på N.L. Austnes og laga maler til bord, og videre vore den leiande på produksjonssida på sjøbuda.
Det same med baren. Snakk om eldsjæl – tusen takk Steinar!
Terje Martin fortener også ei ekstra takk. Han har også lagt ned mange timar med dette arbeidet. – tusen takk Terje.
Takk også til andre som har vore med som ikkje vert namngitt her.
Vi har også fått avtaler om hovedsponsorer frå 11 bedrifter, bank, forsikring og kommunen. Du finn dei på nettsida. Takk også til desse
I tillegg har vi fått fleire bedrifter som kjøper støtteannonser i programbladet til båttreffet. Dette arbeidet held vi fortsatt på med.
Vil også nemne at Sparebanken Møre har gitt laget gavemiddler på kr. 25.000,- Det takker vi også for. ”Alle monner drar” som det heiter.
God ferie til alle!
Helsing
Bjørg